torsdag 28. mars 2013

Appelsinku



"Sjå! Sjå!" roper GU medan han skviser safta frå appelsina ned på brødskiva si. "Det kjem ned frå appelsina, akkurat som kua."
"Kvar har du sett korleis dei melkar kua?"
"Med fammo faffa"
"Hadde fammo og faffa ei ku, då?"
"Det var på filmen berre."
"Hadde du likt om dei hadde hatt ei ku på altanen?"
"Ja, men ditta e farli."
"Kvifor er det farleg å ha ku på altanen?"
"Fordi viss vi vise dei rompa, so sparka kua oss i rompa å de jære låkt!"
Det siste demonstrerer han med å halde hendene på rompa og skyt hofta framover før han gjer eit byks - akkurat som om han hadde vorte sparka bak av ei ku i ein teiknefilm.

g&k

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar