lørdag 20. august 2011

Slange kan snakke

Vi var på loppemarked i dei Maritime Dagane i Gjerdsvika. Der såg vi eit barn som hadde kjøpt seg ein laaaaaaang grøn slange. Dette la sjølvsagt ulven merke til, og kommenterte det.

"Ho he slange."
"Ja, det har ho."
"Ej åkså he slange."
"He du?"
"Ja. Ej he liten slange. Slange kan snakke."
"Eg har høyrt om det, ja." (og då tenkjer eg stille til meg sjølv om ei bok kona har lese om dei forlokkande orda til slangen.)
"Men stor slange kan ikkje snakke. Berre liten."
"Å?" No vart eg litt forvirra. "Er det berre liten slange som kan snakke?"
"Ja."
"Kan ikkje stor slange snakke?"
"Nei," seier han med det vanlege toneleiet som fortel at mitt utsagn sjølvsagt må vere feil, og at eg må vere dum som ikkje forstår at stor slange ikkje kan snakke. "De e berre leike."

g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar