mandag 9. april 2012

Den tredje Melchior-bokja

Dette var den mest innvikla av alle tre, i den beste Christie-ånda :) Eg har gjetta mordaren, og dette er vel halvparten av moroa!
Den andre halvparten er vel det same som gjer Midsomer Murders så fengslende - alle omgjevnadene, miljøet og detektivane sine karakterar, samt familielivet deira. Desse kan aldri vere veldig omfattende, men der er alltid noko morosamt og hjarteleg med dei. Ikkje heller var det så grotesk som den forrige, endå ein slepp ikkje ein god dose naturalisme denne gongen heller.

På det andre biletet er det to handblåste glas som G kjøpte til bryllaupsgåva frå Olde Hansa si krambod i mars. Desse er berre gjordt for Olde Hansa.
Olde Hansa er restauranten som skal gi oss eit blikk av Melchior-tida, som i den tredje boka har vorte Byråden sin livsapoteker og året er 1422. Dette gjer vel Tallinn sitt apotek til ein av dei eldste fungerende apotek i Europa. Om dei no ikkje har lagt denne ned for eit par år sidan...? Eg skimta i nyhende forrige veke at Raeapteek fyller 590 år.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar