lørdag 2. april 2011

Misbrus

Ulven vil "ha sånn so du he" og peikar på glaset mitt med solbærbrus (dvs. solbærsaft blanda ut med Farris i staden for kranvatn). Han sjølv har eit halvfult glas med Epleschorle (dvs. eplesaft blanda 50/50 med Farris - noko ein gjerne gir sjuke barn med dårleg matlyst, slik at det dekkjer litt av det daglege inntaket av mineralar og vitaminer).

"Å nei, du," svarar eg. "Du har allereie eit glas med eple, eg gir deg ikkje eit nytt glas med ny drikke kvar gong du ombestemmer deg. Drikk frå deg det du har fyrst!"

"Men ej vil ha sånn so du he!" Ulven byrjar å blåse inn i sugerøret sitt, slik at det boblar. "Hehehe! Ej he boble!"

"Det er misbruk av eplebrus! Det er... misbrus!"

"De e morsoll!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar