fredag 17. desember 2010

Han kjem!

Far vart sjuk. Og på morgonen orka han ikkje å køyre ulven til barnehage. Så kom neste dag, og mykje soving var naudsynt. Vi kom oss seint opp og tok lunsjen heime. Så skulle far vitje fafa og slappe av på sofaen der. Ulven skulle leverast på barnehagen, så han fekk i alle fall eit par timar saman med dei andre barna.

Då dei kom, fekk vi vite at bestekameraten allereie visste at det ikkje var Ulv som var sjuk. Heile dagen hadde han vore skråsikker i si sak. "Han er ikkje sjuk, han kjem, han kjem," hadde han fortalt barnehagetantene. Og jammen hadde han rett!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar