onsdag 29. september 2010

Mihklipäev. Mikkelsmesse. Dukke!

I dag tidleg hadde GU bading. For fyrste gong i livet var han i basseng, saman med ei dame frå barnehage. Me høyrte ikkje korleis det gjekk fordi me møtte henne ikkje. So eg spurte han GU.
"Hadde du solla-molla i dag?"
Han strålte opp. "Molla-molla!"
"Ja, du var i basseng og bada i vatnet i dag, var det slik?"
"Ja!"
"Og du hadde også ringar rundt armene (eg viste fram gestar), ja?"
Han vart spesielt glad over denne minne, han pynta seg så gjerne med alt som han berre kan feste på seg.
So etterlikna han mine gester og byrja å fortelje om sine opplevningar. Han var op i hundre av stoltheit og glede. Det kom glade ord om "vette" (inn i vatne), BRILLE, også lyd-gesten som eg tolka som sklie, fleire ord i rad (som ei setningsramme). Det var virkeleg flott for meg å ha ein samtale med han! Og det varte lenge.
Vi omtok det ein gong til på bordet, no saman med G også. Og då kom eit ord eg aldri har høyrt før frå hans munn: DUKKE!
Eg ser ikkje vekk i frå at han faktisk har prøvd det ut også.

Han er veldig glad i vatnet. I den usedvanleg varme sommaren var vi so ofte til havet at allereie eg byrja å verte lei av det. Men ikkje han. Sulla-mulla! (dette ordparet sa han fyrst som pulla-pulla, no seier han alt mulla-mulla).

Og på ein veldig varm augustdag oppdaga han ei stor søyle på kaia, på asfalten. Alle andre søyler hadde torka opp så prøv å forestille gleda hans. Fyrst køyrte han på sykkelen gjennom det på kors og tvers, men då skrella han bestemt av seg alle klede og hoppa inn splitter naken. Akkurat for sånne augenblink skulle ein alltid ha på seg kamera, men eg må vel nøye meg med minnebilete. Han G såg han også, ein to-og-halv-åring som tar eit lite badetur i lunchtida i den einaste søyla i heile byen, på kaiasfalten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar