tirsdag 6. april 2010

Aleinefaren sin rapport

Han G er aleine med den kjaere sonen av ulvekvalpen vaar og skreiv meg:

Søndag: Ulven var med i kyrkja, og oppførte seg eksepsjonelt fint for å vere ein tur til kyrkja - heilt til "rett før nattverda". Då byrja han å etterspørje nam nam, og viste litt seinare teikn på at han ville tisse. Så eg skunda meg på do med han, let han tisse, og skunda oss tilbake for å nå nattverda.

Vel, det skulle no vere offer fyrst. Og dette orka ikkje ulven å vente på. Så han viste teikn til at han ville på do igjen. "Nei, dette trur eg ikkje noko på, du har nettopp vore og tissa ut alt saman." Han såg berre lurt på meg, og forstod til slutt at det ikkje nytta. Han var avslørt.

Så vart det omsider nattverd, og då var det ikkje lenge att til kyrkjekaffen.

Etter kyrkja måtte eg på jobb ein tur for å forandre varslingsparameter for straumspenninga - spenninga er så ofte for høg at eg fekk 20-30 meldingar for dag. Det var dette eg ville få slutt på, så eg flytta terskelverdien.Varsel for over 245 volt i staden for 242 volt. Og etter denne vesle manøveren tenkte eg at vi skulle ein tur til hytta for å sjå om det var framkomeleg.

I mellomtida hadde ulven sovna, men vakna når vi kom til Herøybrua. Då byrja han å spørje etter nam nam igjen. Så eg stoppa på marinaen for å kjøpe "kva som helst". Å få servert noko så enkelt som chips ville ta heile 20 minutt, fordi det var sånn enorm kø på innsida. Så det vart ein sjokolade og vatn. Men når eg skulle betale var der ikkje nok pengar på konto, for eg hadde nettopp fylt bensin på bilen. Eg ringte opp telefonbank, ordna kortet, og betalte. "Ja det er så greit no, med telefonbank. Kan ornde konto når som helst, kvar som helst" sa han Jensholm.

Eg kom tilbake til bilen, der ulven gret. Eg hadde ikkje høyrt at han gret - bilen er tydelig for godt lydisolet, for eg sto no rett framom bilen då eg var i luka. Årsaka til at han gret - var at han hadde behov for å gå på do, hadde ikkje greidd å halde seg medan eg skaffa nam nam, og no var han gjennomvåt. Så då var det berre å snu. Det var ikkje meininga at vi skulle på hytta, tydeligvis.

Mandag var det meininga at ulven skulle parkerast med famo og fafa, men eg endte opp med å vere der heile dagen sjølv. Vel, "heile" er ikkje heilt rett, for vi greidde ikkje å kome oss ut av huset før ett-tida. Årsaka til at eg tilbringte dagen der, var at eg no måtte hjelpe famo å forstå korleis ho skulle bruke det nye kameraet. Og ulven ville også gjerne bruke kameraet, og heldt nesten på å øydeleggje det i sinne når han ikkje fekk bruke det sjølv.

Så han fekk famo sitt "eldgamle" kamera - det kameraet ho hadde før det som ulven øydela. Det kameraet har nemleg ikkje slik linse som kjem ut av kameraet. Det har fast linse som er beskytta av ei flate som du skyv til sida. Og dette fungerer også som av/på-knapp.

Så skulle ulven på do, og etter do byrja ha å kle av seg, for han ville pullapulla oppi badekaret. Han greidde stort sett å kle av seg sjølv medan famo vaska badekaret. Og han fekk massevis av skum frå badesaltet. Dette likte han. Inntil famo ville vaske håret hans.

Det er vel det MINSTE han har skrike i forhold til hårvask. Men skrikinga var nok til at fafa også kom stormande inn på badet, og då skreik han endå meir. For no byrja det å verte FOR mange som omringa han, stakkaren. Eg prøvde å forklare dette til fafa, og han sa at han forstod det, "men eg vert no så bekymra når eg høyrer han skrike slik."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar