mandag 28. juli 2014

Hjelp!

EE: Issi! Hjelp mej!
Issi: Du må spørje fint.
EE: Hjelp mej!
GU: Nei, du skulle seie "palun aita" (vær så snill å hjelpe)
EE: Nei, de e ettisk. Issi nakka norsk.
GU: Men han forstår det.
EE: Issi! Hjelp mej!
Issi: Men ka du seie når du skal spørje fint?
EE: Vannpittol!

g

tirsdag 1. juli 2014

Syltesøl

Det er frukost, me har risgraut. På risgrauten er kanel og smørauget på plass.

LE: Issi, ej sylte!
Issi: Sylte? Ok! (Er allereie i kjøleskapet for å hente meir smør.)
LE: Issi, sjå! (Peikar på utsida av skåla, der han har sølt litt graut.)
Issi: Ok, ok, eg tek det straks. (Tek ei skei og legg sylte på toppen av grauten.)
LE: Neeeei! Ta vekk!

Det viste seg at han ikkje ville ha sylte, han hadde... sylte - eller sølt, som me vaksne seier.

g

torsdag 19. juni 2014

Handbørger

GU: I dag åt ej handbørger. Det er sånn du har ketshup på.
Emme: Korleis ser handbørger ut? Et du det med handa?
GU: Det er sånn... issi veit det.

k

Regn!

GU: Ej lika når det regna. Kjempegøy! So sleppe vi å ha vannpistol! Kan berre gjere - sånt!- med handa!

tirsdag 20. mai 2014

Språkhierarki

GU til EE: Du snakka estisk og norsk. Ej snakka norsk og engelsk!
EE: Nei!
GU: Joo!
EE: Ej nakka åsså engelsk!
GU: Ka betyr "one" da?

k

tirsdag 22. april 2014

Dotur

På do. LE sit der allereie.

LE: Tissa du?
Issi: Ja.
LE: Ej tissa!
Issi: So fint.
LE: JAA!

g

Issi kan ikkje norsk

Noko av det fyrste som kom ut av munnen då Ulv kom heim frå påskeferie var: "Issi? Du kan ikkje norsk."
Issi: Neivel? Kva eg snakkar då?
Ulv: Ja, ok, du snakka litt norsk, da, men ikkje skikkeli, for du kan ikkje norsk.

g