Det er frukost, me har risgraut. På risgrauten er kanel og smørauget på plass.
LE: Issi, ej sylte!
Issi: Sylte? Ok! (Er allereie i kjøleskapet for å hente meir smør.)
LE: Issi, sjå! (Peikar på utsida av skåla, der han har sølt litt graut.)
Issi: Ok, ok, eg tek det straks. (Tek ei skei og legg sylte på toppen av grauten.)
LE: Neeeei! Ta vekk!
Det viste seg at han ikkje ville ha sylte, han hadde... sylte - eller sølt, som me vaksne seier.
g
Interessant. /ø/ er nemleg meir markert (mindre «populær») i språk enn /y/ er. Kanskje det er ein samanheng her. Som runda vokal er /y/ «betre» (meir runda) enn /ø/ både artikulatorisk, akustisk og perseptuelt. Eller med andre ord: Det finst grunnar til at språk unngår /ø/ generelt oftare enn dei unngår /y/.
SvarSlett