onsdag 15. august 2012

Sånn at du høyre

Begge Gardane var hjå frisør i dag. Ulven fekk ganske radikal klipp. Han viste bak øyra si:

"Ingen hår! Sjå! Sånn at ej høyre!"

Litt seinare frå han:

"Du må også klippe seg, her!" (Bak øyra) "Sånn at du høyre og ikke seie "Hæ?"!

k

lørdag 11. august 2012

Då eg kom ut...

Då ulven skulle pusse tennene sine, insisterte han på å vege seg. Heile 19 kilo vog han. "Det var mykje," kommenterte eg til han.

"Ja, før va ej berre to kilo."

"Då du var to kilo var du i magen til emme."

"Ja! Åkså kom ej ut av magen. Å då ej kom ut av magen til emme, då konne ej alleræie å snakke. Å då sa ej JIPPI!"

g

lørdag 14. juli 2012

Kan nokon forklare meininga, takk!

Eg les frå eit lokalt lønnetreblad: "Navnet Palanga smaker av eksotiske krydder, palmer og farger og selv om feriebyen bare er 90 minutter fra Oslo, har den mye mer å by på enn et spennende navn."

Ja, sjølv om Runde ligg berre 30 km frå Ålesund, har den mykje meir å by på enn eit rundt namn?

Hæ?

tirsdag 10. juli 2012

Glansbilete

Tenkjer med kjærasten at me kanskje rekk fortsatt å sende ut takkekort til gjestane i brullaupet vårt som hendte 5 år sidan på olsok. Eg hugsar at eg tenkte slik då - om fem år har me vel heim og ungar. Tja, sånn sett har med det og det hadde vore litt av ei glansbilete for ei takkekort. På bilete står det det vel ikkje at ungar er på halv åtte, huset står på halv ni og me sjølve er på halv tolv :)

k

mandag 9. juli 2012

Piknikukorv


Jentelov

Emme: Lika du M?

GU: (smile blygt) Nei. Ho e jente!

Og forklaringa fylgjer: Ej lika ikkje jenter! Ej lika Jonas!

E: Lika du Johanne også?

GU: Ja! Ej lika begge! Jonas og Johanne!

E: Men Johanne e jente. Lika du henne likevel?

GU: Ja... Ej lika Jonas og Johanne og Mathea...

E: Mateus?

GU: Mathea. E Mathea jente?

k

søndag 8. juli 2012

Heimestrand / KODURAND



Den som dreg ut sverdet vert neste konge!



Ein julisøndag i stranda


Runde i alle farger grå :) Det blåste våt sand over oss