fredag 21. januar 2011

NMS i Myrvåg /TEISELT RINGILT



Messingit või vaske puhasta nõnda:
sega 10 L sooja veega 1 pakk sidrunihapet ja pisut nõudepesuvahendit. Hoia esemeid selles mõni minut. Hõõru kuiva lapiga yle.

Kõige all on Mika Waltari "Sinuhe" - nyyd saame ka norrakeeli lugeda! Oranži vändaga kaadervärk on mandliveski, mis on hädavajalik kransekake tarvis poole kilo mandlite purustamiseks (elektrilised masinad teevad puru liiga peeneks-kuivaks).

Portselanpeadega nukud jäid sedapuhku ostmata, fookus oli mujal. Muidu mulle hirmsasti meeldivad sellised.

Poe sissetulek läheb kõik misjoniks, ja riiulid on enamasti täis vastavasisulist kirjandust. Vahel võib muuga ka vedada.

Juhuslik pilt, et kodus pealkirju lugeda: ja mis ma näen: A.C.D.!!!

Seda seinatekki ma ei pannudki poes tähele...

Ema leidis tänavalt 21 NOK ja soetas endale sellise kyynlaaluse. Heidab seinale roosasid liblikvarje.



Myrvåg sin bruktbutikk er ein hyggjeleg plass. Eg trur det er difor dei har ei dame der som berre stiller ting ut. Ho har verkeleg auge for sånt. Eg går rundt som i eit utstillingslokale - og slik trengst i Herøy! Det er ikkje nok for sjela med berre E og E.

Eg gjekk for å hente ein 20-kroners katt-nykjelkrokhaldar og kom ut med last til to bilar.

Korleis det?

Eg såg vel sjølvsagt at dei flagga, men tenkte meg at det kan godt vere t ex bursdag til nokon frå kongefamilia (sunnmørsk må foretrekkjast til skriftspråk som eit meir sjelden og meir ekte mål). I Estland flagga alle skulene kvar einaste dag, så kvifor ikkje bruktbutikkar i Noreg, kva veit vel eg...

Etter kvart fekk eg vel med meg at det var eitt-årsaden til butikken og 50 prosent avsalg på alle varene. VIRKELEG PÅ ALT?

Eg kjem frå landet der den mest utbreidde trua er mistrua. Eg ville i allfall å kontrollere om det stemmer med halv pris på ting som har særverdi. Spesielt fordi eg har i nærmare eit halvt år holdt auge på ein VEVSTOL ved veggen, for 400 kroner. So ba eg ei dame til hjelp og leia henne varsamt dit. Jau, vevstolen også kosta berre det halve i dag. "Ja, då kjøper eg denne," sa eg, sjølv undrande kvifor eg ikkje har kjøpt det før. Pga mistrua at alle delane fylgjer med, kanskje, og 400 NOK hadde vel i so fall svidd.

Eller... fordi framfor vevstolen sto eit SÆRDELES SØTT LITE HESPETRE, med sveiv, og mott, og klossete reparasjon - men originalt med trepluggar i staden for spikrar. Også denne for 400 NOK. Denne liksom høyrde til vevstolen og kunne ikkje latast att aleine. Jau, 400 er ein klenodiepris, urekkjeleg for husmødre som held på å lære å spinne på ein vanleg vinterfredag. Men i dag kosta den ubrukelege snuppa berre 200... Two in one, rekna eg.

Eg følte ein trang for grensesetjing for meg sjølv, og ringte han G.
Eg fekk stort sett halve butikken heim likevel.

Last but not least - ei av butikkdamene der kom ut å vere mora til ei nabodame, som er ei av dei kvardagsenglane eg kjenner til.

Eg er glad!

k

P.S. Ved siden av mistrua er også overtrua veldig utbreidd i heimlandet mitt. Men berre prøv å skilje mellom trua og mistrua i mitt tilfelle: korleis kom det at eg akkurat i dag skulle køyre og hente denne kattenykjelkrokhaldaren?









tirsdag 18. januar 2011

Spinna gale

Var det slik at ein ikkje skulle rokke i båten - eller rokke båten?
Eg ser det for meg... "Duu... kan vi ta oss ein båttur, også kan eg spinne ull medan vi er på tur?"

mandag 17. januar 2011

Rokken spinn / VANAEIDE VOKKIRATTAS

...men om vi skal strikke alle kleda vora på dette settet, vert vi nok både gamle og grå (og veldig nakne) før alle har fått sitt.

...aga enne jääme kõik vanaks ja halliks ning alasti, enne kui endale sel moel riide selga saame.

Kald ku

Det er kveld, leggetid, og eg prøver å legge GU. Som del av ritualet, gir eg kua (varmeflaske med ku-bekledning) til GU. "Møøøøøøøøø!"
GU tek kua og føler på flaska. "Den e kaldt!" skrik han som om det var verdas ende.
"Ja, ja. Eg kan varme henne opp," seier eg. Å fylle varmeflaska er kvarkveldslig.
"Ja! Den e kaldt! De e domt!"
Eg får omsider lagt han.

Trur eg.

Han kjem stendig vandrande tilbake til kjøkenet. "No går du og legg deg, eller så skal eg banke deg opp!"
"Ja," seier han glisande.
"Skal eg banke deg opp?"
"Ja."

g

Bak rygg

Tidleg om morgenen sto han G opp og forlot soverommet. Og sjølvsagt fekk vår vakthund GU snys om dette gjennom søvn og mørkre og spratt opp av senga, han også. Men det var altfor tidleg. So prøvde G å leggje han igjen.

Det var ikkje mykje eg fekk med meg, anna at GU plutseleg sto aleine i soverommet, og eg vart bekymra for at han kan vekke EE. Og då er det forbi med ein-kose-søvn-til-sola-kjem for alltid! So eg kviskra til GU (på dårleg sunnmørsk, sidan det var so tidleg, men for å vere sikker på at han skal forstå alt):

"Kom hit! Legg deg bak ryggen min!"

Ingen reaksjon.

Eg var irritert og la ekstra vekt på alle ord. "Bak rygg! Minnnnn rygg!"

Til min forferdelse såg eg korleis han klatra opp i senga for å slå på lyset.

"Ikkje slå på lyset!!!"

Det var for seint. Men GU bøgde seg for å sjå under senga, røyste seg straks og slo armene demonstrativt til side:

"Ej finne ikkje BAK RYGG!"

k

onsdag 12. januar 2011

Huska du? KAS MÄLETAD?

G var i Ålesund heile dagen. Etter frukosten spurde eg GU:

"Huska du issi (pappa)?"
"Ja."
"Issi e min mann."
"Min mann."
"Nei, issi e min mann, ikkje din mann."
"Ej åsså huska din mann."

k

G oli terve päeva ära Ålesundis. Peale hommikusööki kysisin GU-lt:

"Kas sa issit mäletad?"
"Ja."
"Issi on minu mees."
"Minu mees."
"Ei, issi on minu mees, mitte sinu mees."
"Ma ka mäletan sinu meest."