tirsdag 14. oktober 2014

Problem i senga

Ungane har alltid ein grunn til å halde seg vakne, spesielt langt etter sengetid, og gjerne i senga. Når eit eventyr er ferdigfortalt, byrjar gjerne ulven å grave etter dei merkelegaste detaljane frå eventyret - i prinsessa som ingen kunne målbinde, var det slik at dei som ikkje greidde det fekk svimerke på berre eine eller begge øyrene? Og var det ungar som fekk svimerke også? Kva om babyar prøvde å målbinde prinsessa og ikkje fekk det til, fekk dei også svimerke?

Spørsmåla vert berre meir og meir absurde, det er tydeleg at dette er ein måte å hale ut tida på. Spørsmåla vert difor til slutt avbrote med den tradisjonelle god natt songen vår, og eg ventar tolmodig på at ungane er skikkeleg avslappa før eg trer ut av barneværelset i håp om at roa skal halde.

Eg kan no drøyme.

Fem minutt seinare byrjar diskusjonen i barneværelset å verte høglytt før eg brått høyrer ulven rope etter meg. "Issi! Issi?"

Eg: Ja?
Ulv: Har Lennart 'e' i namnet?
Eg: Du kan no å stave vel, L-e-n-n-a-r-t.
Ulv: Lennart seier at han har 'e' i namnet.
Eldar: Nei!
Lennart: Ja!
Ulv: Er det sant at Lennart har 'e' i namnet?
Eg: L-e-n-n-a-r-t E-l-l-i-n-g - der er to 'e'ar i namnet til Lennart.

Og då var vel den debatten over... nja, sett bort frå at Eldar ikkje likar å ta feil på slikt og difor tok det som eit personleg nederlag og grunn til å gråte dersom det no skulle vise seg at Lennart faktisk har Eldar sin bokstav i namnet sitt.

Årsaka til at dette kom opp var at dei hadde skrive namna sine på veggen i dag, sånn mellom hacking-forsøka på issi sin laptop.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar