lørdag 30. juni 2012

Siste kjeks

Det er så utruleg viktig for Ulv at han får den siste, uansett kva det er. Så når han fekk müsli, måtte eg ta frå botnen (eller i alle fall seie at eg gjorde det), slik at han fekk det siste, sjølv om det nest siste ikkje var oppeten enno.

I dag tidleg var eg så uheldig at eg tok siste kjeks.
G: "Buuhuuu! Ej skolle ha siste!"

No var gode råd dyre. Eg tok inn både mitt og hans kjeks, stappa i pakken, tok mitt kjeks ut att, og gav dermed siste kjeks til Ulv. Dette var han nøygd med.

Fem minutt seinare: "Ej vi ha mæir kjeks!"
g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar