søndag 11. mars 2012

3. dagen i Estland - morgen /PILDID

Morgen som diverre aldri vart noko unntak

Fyrst vaknar minstemannen og lydane hans vekkjer ulven i naborommet. Med eitt spring han over til oss, kryp under dyna og byrjar å snakke med "bestevenen sin", dvs. Lennart. Denne vekkjer han, sjølvsagt, to-åringen. Og det skjer så grytidleg at til frukost er alle søvnige igjen. Ei fast rutine kvar bidige morgon. Dei små tek søvnen igjen i løpet ta daje mens foreldre lid under konstant søvnmangel her på "ferien"! Issi kan dra morgonblunden sin sovidt litt lengre men det kompenserar ikkje for alle tisse- og trøsteturane om natta (for ulven og evigvandrande Eldar, ikkje han sjølv, sjølvsagt). Me skal nemleg oppleve ein god del nattevandring i dei komande nettene, sidan me bruker to senger i forskjellige rom.

bestevener

kvitrende morgenfuglar

Klede er ikkje pakka ut enda, so GU har på seg Elis sitt nattøy, som opprinneleg var mitt. Eg hugsar det godt! Eldar fe låne broren si jakke.
Han var faktisk imponert over å høyre at dette var emme sitt nattøy då ho ein gong var lita. "Ej e stor! Vil du sjå?"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar