torsdag 1. desember 2011

Eichen

Det var stormbyger då me svinga inn på tunet til ho A. Ho baud oss inn, EE som hadde vorte større sidan sist og LE som o møtte for fyrste gong. Eg fekk vite at ho rundar åtti år i januar - kven skulle tru det? Ho skiftar bleier til smågolja sine slik at ho er godt vand til slikt! Ei er visst 6 månader gamal.

Ho er frå Eiken og eg fekk lese ein artikkel i sogelagshefta der i frå. Han var skreven av Eilert Sundt sånn ca 1850 og handla om drikkevaner - forskjellige "drykkjar". At det vart ei samling på 1. juledag der heile bygda kom saman, slik at eg fekk føre meg det romantiske biletet av Bjørndals-jula. Om eg ikkje tek feil, så finst det eit ord som veitsle, men no hugsar er kanskje ikkje rett. Iallfall var det som gravøl, som varte tre dagar. Der var det også plikt å møte opp for heile bygda.

Atikkelen sjølv var ganske so spottande, at folket der drakk so ivrig at det kunne skje at eit gravfølge køyrte muntert og hoiande inn i kyrkjegarden. A fortalde at so seint som berre 30 år sidan kunne ein få dårlegare behandling i eit sjukehus enn andre folk, om ein var frå Eiken. Som å vere same eller omstreifande. I artikkelen var det vel sagt rett fram at desse "fjellmændene" framleis held fast i oldtidsvaner og seder, slik som nasjonaldrakt, juledrykkja og lignande.

Eg og EE fekk også smake på godbitar som potetlefser med både saltost og søtost, laga av ho sjølv, av søtmelk, surmelk og egg. Den søte varianten likte han EE veldig godt. Også var det det nærmaste til kohupiim som eg har støtt på her i landet. Kohupiim er det beste eg kjenner til frå melkeprodukt.

Ho brukte ikkje løpe. Eg fekk vite at ein i gamle dager tok løpen ut av kalvens mage, som hadde drukkje melk og vorte slakta rett etterpå. Slik var ikkje so hyggjeleg å tenkje på medan eg satt og amma, men "det er mykje trist som er bunden til mat" som ho sa det.

EE stortrivdest med ei eggkokar-klokke som tikka og trilla. A hadde ein song om klokker som var omtrent sånn:

Store klokker sier:"Tikk, takk. Tikk, takk."
Mindre klokker sier: "Tikk-takk, tikk-takk."
De små klokker som vi har i lomma sier. "tikitaki-tikitaki-tikitaki."

Faren hennar hadde eit lommeur som stamma frå urmakaren. Ikkje frå taterane som eg håpa :), for det var allereie urmakarane sin tidsalder uansett.

k

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar