onsdag 23. november 2011

I andre tankar

Eg var i kassa då K ringte og lurte på kvar eg vart av. Så eg betalte, satte frå meg handlekorga og byrja å gå.

"Ikkje gløym varene dine!"
"Oi! Snakk om å ha hovudet rette staden."
"Ja, du såg forelska ut der du vandra bort."
"Det er eg óg. Har nettopp snakka med henne på telefon."
"Du må vere forsiktig med sånt."
"Det er for seint. Gift med tre barn."
"Då er du hardt råka."

g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar