lørdag 12. februar 2011

Tyrkia

Vi stakk innom SSB spesifikt for å finne snitt- og medianbefolkninga av norske kommuner. Men tittelen Barn og unge med innvandringsbakgrunn lokka. Om den gratis posen med sild frå Vasstjuvane AS ikkje var nok, så fekk vi her ein ny statistisk fangst for dagen:


På side 82 finn SSB det for godt å framheve at dei har rekna Tyrkia med under Asia, ikkje under Vesteuropa. VEST? KVA har Tyrkia med Vesteuropa å gjere? Hæ? Riktignok er ein liten bit av Tyrkia i Europa, men den vestlege grensa går mot Hellas og Bulgaria. Bulgaria er rekna som som Aust- eller Sørausteuropa, og Hellas er plassert veldig langt aust til eigentleg å verte rekna som Vesteuropa. Faktisk går det meir under definisjonen av Søreuropa.

Opererer her SSB med definisjonen av Austeuropa som "Tidlegare Sovjetveldet"? Og i så fall, ligg Tyrkia lenger vest enn dette tidlegare Sovjetveldet?

Men dette overraskar vel ikkje dei som har fått vite at Israel er ein Europeisk stat:


g

1 kommentar:

  1. No ligg vel Israel geografisk omtrent like nær Europa som Island, og Island er med i både EBU og EØS. Marokko, som ligg nærare Europa enn dette, er derimot ikkje rekna til Europa. Så her ligg det nok litt kulturhistoriske band på lur, men då i kombinasjon med geografi (t.d. ligg Canada for langt unna til å verte rekna som europeisk, sjølv om dei har europeisk statsoverhovud…). Kven som er med i diverse kulturelle (EBU) eller politiske (EU, EØS) organisasjonar, er til dels uavhengig av geografi.

    Annleis er det for Tyrkia, dersom ein verkeleg må presisere at det ikkje høyrer til Vest-Europa. For det er vel ikkje med i nokon spesifikt vesteuropeisk organisasjon, eller? Hm, på ei anna side er vel landet med i North Atlantic Treaty Organization (NATO). Og Atlanterhavet ligg ved Vest-Europa.

    Elles takk for videoen, dette vart mimring!

    SvarSlett