gakkande lakkande,
oppjønå bakkanje...
Nokre gongar har Ulv uslåeleg argumentasjon.
Famo: Sånt kan du ikkje gjere!
Ulv: Veit du ka?... Faktisk, så kan eg det, faktisk!
Famo: Du må ikkje rote sånn med såpa!
Ulv: Onga kan ikkje gjere sånt.
Famo: Kva seier du? Kan ikkje ungar gjere sånt?
Ulv: Nei. Onga kan ikkje gjere sånn. Berre ej.
Fafa ergrar seg over alle teiknefilmane på tv.
Ulv: So lenge ej e liten, so ser ej på sånn. Når ej verte større, so ser ej på anna.
John Gray: For å takle akutt motstand, avled oppmerksomheita til ungen. Du kan byrja å fortelje ei historie med kjennbare gjenstandar og fine fargar i. Når ungen nektar å ta på seg jakke, kan du skifta over til anna tone med ei forteljing: "Sjå kor fine grøne bladar dette treet har. Eg var ein gong i ein skog med KJEMPEDIGRE trea i. Himmelen var så vakker og BLÅ. Rett over meg sveiv eit kvitt sky. Eg gjekk så langt, så langt, til eg vart heilt trøytt. Eg var veldig glad når eg kom heim igjen. Lat oss no setje jakka på."
Eg veit ikkje om det fungerar med våre ungar (berre GU som klarar å fylgje med), men med meg hadde det sikkert eit ypperleg efekt! Forteljingar, meinar eg.
k