onsdag 5. januar 2011

Vårt fyrste brev frå France!



Eit julekort med ei kjærleg helsing og ei gåve! Med eit lite tillegg frå posten :)

Det er sendt frå ho som er så utruleg klok for å vere berre 22 år gamal. Eg plukka opp nokre sitatar som var enklast å hugse:
  • It's not easy to have a simple life
  • Only people who have no friends are never late
Me begge er litt forbausa over "effektiviteten" med folkeforsamlingane her i Herøy, må det vere møte eller fest. Til og med fakkeltoget starta punktleg, og nesten tusen menneske forsvant frå kyrkjeplassen på ein-to-tre etter den siste tala. Under fem minutt, trur eg. Mens eg og mine er dei siste som kjem til alt, og dei siste som forlater plassen, òg. Eit medfødt mediterriansk preg, mon tro? :)

k

tirsdag 4. januar 2011

Eit syn i speilet - eit merke?



Eg har ei lita historie med dette dyret bak meg frå tida når eg venta for EE. Spør meg direkte om dette om du vil, kjære lesaren :)

I går - så tilfeldeg! - kika eg inn i speilet i gangen. Og der, i speilet, såg eg han! Full fart gripa eg etter kameraet.

Det er kanskje den tredje gongen me møtast kvarandre - enda nå er det mykje meir indirekte... gjennom speilet og vindaugeglas. Midt i Fosnavåg-byen.


Fekk olja bordet



Dette er kjøkkenbordet vårt - det allerfyrste møbelstykkjet som eg med mine hender (og litt hjelp frå G, sjølvsagt) har pussa frå gamale maling og laga til. Dette bordet lærde meg at det alltid er verdt å halde på med noko som du aldri trur kan kome til nytte i det heile tatt.

Det skulle oljast 4 gongar i året... javel, det er no eitt år sidan sist. Derfor må det ikkje falle i gløymeboka. Spesielt også fordi EE likevel greidde å basje på golvet til æret for den store hendinga :) at eg prøvde å få til noko UTENOMVANLEGE midt på den lyse dagen!


KLEEM...KANA?

Magustoit.

See on kreem, ytleb G norra keeles.

"Kleem!" - on GU õnnelik, et sai teada uue sõna.

Siis vaatab GU kysivalt mulle otsa, et mis sõna minul selle asjanduse kohta on. Siis kysib ta minult otse, näidates taldrikusse:

"See... kleem... kana?"

"See on vahukoor," vastasin.




mandag 3. januar 2011

GU mala - eit lite ekstra om kvelden



Eg ville eigentleg la han GU male hjarto til jul for å hengje dei opp som pynt. Eg har alltid beundra foreldre som gidde å la treåringane deira å male... Her er det berre å skryte av barnehage. GU har lært seg der å halde seg relativt rein. Men det har ikkje han eittåringen noko peiling om!

Det er no fortsatt jul...




Bilen vart henta! Og køyrde tilbake same kveld!


Bilen vår tok julekvile rett midt i jula. Det datt noko ut av girkassa :) lukkelegvis ikkje så langt frå parkeringsplassen vår. Me var på veg til Ulsteinvik for å bestille nokre ekstra julekort for å kunne sende dei før nytt år, og framfor Spar hugsa eg noko eg hadde gløymt. Ja, me snudde og mens G prøvde å rygge til parkeringsplassen vår, høyrde me "glongk!".

Trur det var meininga, fordi elles hadde me aldri fått noko som helst fred i romjula. Nå var det berre å sukke og håpe at venene og naboar tilgir oss at det ikkje fekk julekort.

Bilen kunne fyrst hentast på mandag, og det var eit praktfullt syn for GU. Han elskar svære maskiner: snøploger, lastemaskiner, alt det av breide og lange transportet som køyrer under kjøkkenvindauget vårt med betongdetailene til Frikyrkja... Eit fryd!

Om kvelden fekk han GU ein ekstra flott kjelketur til Statoil for å hente den tapre hesten vår. Regninga var på framsete :)